14. nov, 2019

14.November 2019.

Fortsatt fulstendig ute av drift og sjukmeldt. Klarer heldigvis å gå litt rundt omkring etterkvart. Så får peika og forklart kva sauer som skal klippes og settes i fjøsen. På denne tid av året er det viktig å sortere og gruppere sauene i forhold til alder og hold så dei får en finest mulig vinter. Værane og værlamma må holdes adskilt fra søyer og søyelamm. Neste år skal vi ikkje ha noke lamm fra sauene våre. Det blir både godt og rart. Heldigvis har far min seks hobby sauer. Så vi får nok dekka behovet for lammekos med å kose med lamma far min får av sauene sine. ❤❤

Pensjonistene våre trenger litt ekstra med stell om vinteren så dei har en egen binge der dei har konstant tilgang på grovfor. Og så får dei litt pellets i tillegg. Værlamma fra i år har og egen binge i fjøsen og får så mykje grovfor som dei klarer å ete. Dei voksne værane får lov å gå ute på beite enno så lenge været er så fint. Dei hater å stå inne. Så det er fantastisk med sol og tørrver så dei kan korte vintermånadene litt. Assistentene driver og å bygger om fjøsen sånn at det blir meir lettvint foring i den eine værbingen. Litt modernisering må vi tåle. 😉 

Søyelamma og nokre av søyene deira har en binge der dei og har fri tilgang på grovfor. Dei voksne sauene går på utegang. Dei har tilgang på mange forskjellige gardflorer, fjøsromm, og kjelleren på huset mitt til å gå i ly om det trengs. Det er skjelden dei går under tak. Unntaket er kaldt regn og sludd. Driv å tar inn små grupper på ti tjue for klipping. Og no har assistentane nok klipt over halve flokken. Mesteparten av sauene kjem no til den daglige foringa med rundballe. Dei et til dei er mette. Så trekker dei bort i skogen og finn seg litt grønt å ete på. Mykje lauv finn dei enno og. Rundt tjue sauer held seg framleis og i skogen på heiltid. Dei finn så mykje der at rundballeforet ikkje frister enno. Assistentane hanker fat i nokre her og nokre der om dagane. Så vi i det minste får klipt dei. Når vanen er etablert med rundballeforinga følger dei og gjengen i sitt daglige trekk rundt garden. 

Når vi klipper sauene bruker vi noke som heiter klippekrakk. Det er en smart oppfinnelse som gjer klippinga hyggeligere for både bonde og sau. Klippekrakken består av ei plattform som en kan senke ned og løfte opp og to stolper som ein set fast sauen etter hovudet i. En leier sauen på og set den fast og så løfter en sauen ca en halv meter over bakken i passelig arbeidshøgde for den som skal klippe. Første gangen kan lamma vere litt redde for lyden av saksa osv. Så da er det viktig å ha god tid og kose og prate med dei så dei blir trygge. Dei eldste sauene ser på det som nærast ein spatime. Dei står heilt stille og logrer med halen og virkelig nyter å få av ulla. Etterpå går dei og klør seg alle plasser der dei ikkje har komt til på grunn av ulla. En ser virkelig at dei nyter å få bli klipt. Og ulla som blir klipt av er eit fantastisk miljøvennlig og dyrevennlig produkt som vi kan lage klær av. Denne symbiosen mellom sau og menneske er heilt fantastisk. Og når vi elliminerer kjøttproduksjon er det virkelig et samarbeid på likefot. Vi gir sauen stell og mat. Og sauen gir oss ull den ikkje treng. For å seie det sånn er det lett å rekne ut kven som ofrer mest i den kabalen. Og det er definitivt ikkje sauen. 🙂

Eg føler at det å leve saman med sauene og ha dei som utvida familie er ein rikdom på det følelsesmessige planet som ikkje kan målast i penger. Berre det å få ha desse fantastiske dyra rundt seg er heilt fantastisk.