25. nov, 2019

25. November 2019.

 Omsider er nesten alle sauene komt attende til gards. 🙂 Tivi og Lisa og Mimmi går att i marka. Dei har vert observert til og med forrige helg. Så vi veit alt er ok med dei. Hadde berre vore veldig fint om dei kunne komt til gards att snart dei og.

Alle ponniane er tilbake i stallane sine. 

Flinke snekkere har vore her og reparert en stolpe i kufjøsen som kyrne hadde klart å knekke, laga sauebinge, snekkra ete til ponni hingstane og bytta råtne planker med skikkelige på låvegolvet. 😀 Deilig å få alt klart før vinteren.

Dyra storkoser seg i det fine veret og er ute mange timar kvar dag. For værane er det supert med kvar dag vi kan drøye med å sette dei i fjøsen. Dei trives ikkje så godt i fjøsen. Dei liker best å vere i naturen.

Pga ryggen min har vi annonsert alle kyrne for salg. Ei tung avgjerd å ta. Nokre er alt tinga vekk. Andre blir nok her ei stund til. Så får vi sjå kor lang tid det tar før vi har funne gode gardar med snille bønder å flytte til for resten av flokken. Når ryggen ikkje fungerer er det mykje av det som eg gjer med erfaring og tålmodigheit som fell på sambuaren. Og sambuaren har meir enn nok å gjere med full jobb og så måtte ta alt av traktorkøyring som eg burde gjort. 

Det er ei tid for alt. Og no er nok tida for å fokusere på å klare å ta vare på sauene og hestane og det som krever litt mindre spesialkompetanse i handtering. Geitene er den store gleda i kvardagen. Med nofence klavar på dei voksne geitene er dei meir eller mindre sjølvgåande. I finveret er dei stort sett og klatrer på berga og et orebork og einer om kvelden. Om morgenen kjem dei på bøen og et gras og får litt rundballe. Det er så godt å sjå kor dei koser seg. 🙂 Samme er det med kattane. Dei styrer dagane sine sjølv og stort sett et, jaktar, søv og kosar. Hønene våre er nok i pensjonist kategorien etterkvart. Helena legg eit egg annakvar dag. Høne Pøne har ikkje lagt egg på over eit år. Og Plomma og "dei to svarte hønene" har vinterpause frå egglegginga. Hane Pane gjel stolt og vokter over haremet sitt. 😀