30. nov, 2019

30.november. 2019

Tivi og lamma hennar Lisa og Mimmi går fortsatt i marka. Dei var observert i fin form for to veker sia. I går kom eg på den gode ideen å kombinere den daglige trimmen med å gå i marka og sjå om eg såg spor etter dei. Ingen fancy ruter i skogen. Berre følge stølsveien og sjå etter spor i snøen som kom. For så vidt en flott ide heilt til eg kom til ei lita myr halvveis til stølen. Der var litt is og eg glei og tok meg for med gåstavane og dermed vrei eg skuldra ut av ledd. Forferdelig irriterende og ilt å ligge i snøen og prøve å slappe så mykje av at eg fikk skuldra på plass att. Sauene fant eg ikkje og veien tilbake gikk veldig sakte og forsiktig. Om ikkje anna var naturen rundt meg fantastisk flott. Fikk beskjed av alle eg møtte resten av dagen at eg er for sprø som finn på slikt. 😎 Dagens lærdom er at gåstaver er farlig om en har ei ustabil skulder og når en ikkje klarer å gå normalt pga prolaps i ryggen har en ingenting på fjellet å gjere for å sjå etter sauer. 🙂

Leita etter Tivi og nokre veninner i vekevis i fjor og. Og då kom dei tilbake til gards av seg sjøl. Så får håpe dei gjer det i år og. Og så håper eg dei kjem til gards att snart.