1. jul, 2020

01.Juli. 2020.

Foxy er sånn ei tøff grand old lady med sinne tretten år. Litt stiv og støl ellers i tipp topp form og alltid i godt humør. Dei fire eldste sauene og Lisa og Mimmi som kom med heilårsull frå fjellet fikk sommerklippen sin no i finveret. Dei eldste sauene turte vi ikkje å klippe i vår for at dei ikkje skulle fryse unødvendig og bruke energi på det. Foxy såg brått mykje yngre ut med kort fin ull. 🙂 

Ellers har vi fått i hus masse deilig tørrhøy. Og litt rundballer har det også blitt. Sammen med sauene held vi på med et beite prosjekt for å eliminere høymola frå bøane. Det krev intensiv beiting og suppleringsslått. Men men om vi kan få vekk høymola på en økologisk forsvarlig måte er det absolutt verdt det. 🙂