15. aug, 2020

15. August. 2020.

I går vandra Mina videre til dei evige beitemarker. ❤

Kvelden før åt ho pellets og gras som vanlig og i dag tidlig låg ho daud i stekken. Elleve år er ikkje lenge for oss. For en sau å bli elleve år derimot er en høg alder. Mina var en snill og god sau på alle måter. Og i sommar har ho fått mykje ekstra pleie og stell då ho var blitt litt surrete på sine gamle dager. Ho fungerte fint berre av og til gikk ho i et hjørne en plass og då klarte ho ikkje å forstå at ho måtte rygge ut att. Så vi hadde mange tilsynsrunder om dagen og såg etter ho. For to veker siden når det vart kaldt regn sette vi ho i fjøsen og sia har ho vert i fjøsen i lag med ei venninne som hadde fått en luftveisinfeksjon og fikk behandling. Venninna virker no frisk og glad så når Mina no døydde slapp vi ho på beite att. Ho hadde av og til litt problem med å røyse seg om morgonen om ho hadde lege forkjært på foten. Ett lite puff og ho var i full fart og sprang etter pellets boksen igjen. Så eg vil seie at ho har hat en ok alderdom. Ho kom til verden og forlot verden i samme fjøsen. Dessverre har vi ingen etterkommer etter ho på garden. Genane hennar lever derimot videre på Redal Gard.

R. I. P. Mina. ❤️