22. aug, 2020

22. August. 2020.

Har vert et kjipt døgn. 😢😢
I går på morgenen var Tauin dårlig med feber på 41,7 grader. Ho låg aleine litt unna dei andre sauene på bøen. Vanligvis er ho en temmelig sky sau og no kunne eg gå bort og klappe ho. Skjønte at her var noke alvorlig galt og tok ho med tilbake til fjøsen og tilkalte dyrlegen. Dyrlegen kom og gav penicillin og smertestillende. Diagnose uviss. Feberen gikk ned til 39,9 til kvelden. Ho virke derimot ikkje bedre og skeit svart skit som lukta jern med blod rundt.
Klokka 05.00. var tilstanden uforandra foruten at jo fikk et lite anfall då eg var og såg til ho der ho kvelva over på sida og sprella litt. Så la ho seg til å ligge normalt igjen.
Litt før åtte når avløyseren skulle sjekke ho var ho død.

Etter fleire som meinte vi burde obdusere ho gjorde vi det. Hovedsakelig for å kunne utelukke parasitter, forgiftning, og kvast.
Alt var normalt untatt en oppblåst og porøs blindtarm og mykje blødninger i løypemagen og blod i tynntarmen.

Tauin var en spesiell sau og det var ikkje noke gøy å miste ho så brått og brutalt berre sju år gammal. Ho og broren kom til verden etter ei snikparing. Tidlig tidlig på våren kom dei til verden. Og mor deira var tynn siden ingen viste ho hadde lamm før juret tok til å vokse et paar veker før lamminga og ho gikk med ungsaugjengen som ikkje fikk masse pellets sånn som lammesauene. Mor hennar var sjeviot og faren spæl.
Tauin var stort sett litt nervøs for alt. Og i grunnen er det berre fordi eg ikkje ville at ho måtte gjennom påkjenninga og stresset med å bli sendt til slakt at ho har blitt verande her. Samt at ho er datter av en av mine næraste saue venner. Einaste tida ho var den mest eksemplariske sauen på garden var når det var klipping. Ho sto som et lys heile tida når vi klipte ho enda ho nok syns det var i overkant nærkontakt med mennesker.
Heldigvis har vi igjen ei datter og ei datterdatter av ho. Så genane lever videre på gården.
Det vart masse kos og prat med ho i går og i natt.
En gjer alt en kan og likevel er det ikkje nok til å berge alle alltid.

R. I. P. Tauin. Vi vil alltid hugse deg. ❤️❤️