14. jul, 2021

14.Juli. 2021.

Vinterhøy er komt på låven. Og rundballer er bestilt. Jobber med å få litt økonomisk støtte så eg slipper å vere heilt på felgen for at sauene skal ha mat i vinter.

Kroppen setter vanvittig mykje begrensninger for tiltakslysta. Noke som er vanskelig å akseptere. Ingen overskudd til å virkelig komme videre med ullprosjekter og gårdsturisme. Men men med bittesmå steg kjem en også framover. Og å ikkje lytte til kroppen fører til bom stopp. 

Sauene virker lykkelige og fornøyd med tilværelsen. 😊 Kvar dag går vi tilsynsrunde og sjekker at alle 150 er oppegående og i fin form. No når det er varmt og fuktig er flugemakkangrep frå Spyfluge det viktigste å sjå etter. Det er ikkje mykje ytre teikn før angrepet er alvorlig og omfattande. Til no har Gull-Lars hat et lite angrep i panna og Marseillesen, som forresten har sju årsbursdag i dag, hadde eit lite angrep mellom bakbeina. Begge vart behandla fort og effektivt og er bra igjen no.

Sol og varme er ikkje sauene sitt favoritver. Dei har insektsfobi og spring i skyggen eller tråkker og legg seg ned. Om kvelden er dei derimot aktive og beiter og koser seg. Berre det er overskya er dei mykje meir tilfreds enn når sola steiker. 

Ingen har trekt til fjells enno. Ei lita gruppe på rundt 44 sauer går litt lengre runder i utmarka om kvelden. Nokre av dei eldre er kun på bøen og rundt fjøsen. Og nokre er så vidt i utmarka som ligg heilt attmed garden. Snodig gjeng. Men men at dei trivst nær oss ser eg absolutt på som en god ting.