4. sep, 2021

4. Seotember. 2021.

Sommeren er over og hausten er på plass.

Ti sauer er klipt. 139 venter på å bli klipt. Eg deler dei opp i små puljer så får vi klipt alle etterkvart.

Det er fantastisk godt å ha sauene uten å måtte ha det heilt forferdelig kvar haust med utvelgelse til slakt.

Eg er fortsatt mykje redusert jobbmessig men men med god assistanse går det bra. Å berre ha voksne sauer og ikkje lamm gjer jobben langt meir overkommelig. Dei fleste dager er det berre rundt en time på å køyre vatn og tilsynsrunde.

Det har vert den fineste sommaren eg kan hugse med stort sett sol og tørt. Kjempebra for å slippe dei verste smertene frå slitasjegikta mi. Krevande for natur og dyr.

Geitene og 40 sauer er trekt på fjellet og koser seg med sopp og lauv. Det er fint å kunne tilby dei denne fridommen samtidig som vi har oversikt på kor dei er takket vere nofence og smartbjella.

Mesteparten av gyllen er komt ut. Tallen er komt ut. Og vi er meir eller mindre klare for vinter sesongen. 

Trenger å få litt fersk kapital men men har litt fleire ullprodukter i tankane. Skulle berre hat et par ekstra ullentusiaster til å vere med på produksjonen.