22. aug, 2020

22. August. 2020.

Har vert et kjipt døgn. 😢😢
I går på morgenen var Tauin dårlig med feber på 41,7 grader. Ho låg aleine litt unna dei andre sauene på bøen. Vanligvis er ho en temmelig sky sau og no kunne eg gå bort og klappe ho. Skjønte at her var noke alvorlig galt og tok ho med tilbake til fjøsen og tilkalte dyrlegen. Dyrlegen kom og gav penicillin og smertestillende. Diagnose uviss. Feberen gikk ned til 39,9 til kvelden. Ho virke derimot ikkje bedre og skeit svart skit som lukta jern med blod rundt.
Klokka 05.00. var tilstanden uforandra foruten at jo fikk et lite anfall då eg var og såg til ho der ho kvelva over på sida og sprella litt. Så la ho seg til å ligge normalt igjen.
Litt før åtte når avløyseren skulle sjekke ho var ho død.

Etter fleire som meinte vi burde obdusere ho gjorde vi det. Hovedsakelig for å kunne utelukke parasitter, forgiftning, og kvast.
Alt var normalt untatt en oppblåst og porøs blindtarm og mykje blødninger i løypemagen og blod i tynntarmen.

Tauin var en spesiell sau og det var ikkje noke gøy å miste ho så brått og brutalt berre sju år gammal. Ho og broren kom til verden etter ei snikparing. Tidlig tidlig på våren kom dei til verden. Og mor deira var tynn siden ingen viste ho hadde lamm før juret tok til å vokse et paar veker før lamminga og ho gikk med ungsaugjengen som ikkje fikk masse pellets sånn som lammesauene. Mor hennar var sjeviot og faren spæl.
Tauin var stort sett litt nervøs for alt. Og i grunnen er det berre fordi eg ikkje ville at ho måtte gjennom påkjenninga og stresset med å bli sendt til slakt at ho har blitt verande her. Samt at ho er datter av en av mine næraste saue venner. Einaste tida ho var den mest eksemplariske sauen på garden var når det var klipping. Ho sto som et lys heile tida når vi klipte ho enda ho nok syns det var i overkant nærkontakt med mennesker.
Heldigvis har vi igjen ei datter og ei datterdatter av ho. Så genane lever videre på gården.
Det vart masse kos og prat med ho i går og i natt.
En gjer alt en kan og likevel er det ikkje nok til å berge alle alltid.

R. I. P. Tauin. Vi vil alltid hugse deg. ❤️❤️

15. aug, 2020

15. August. 2020.

I går vandra Mina videre til dei evige beitemarker. ❤

Kvelden før åt ho pellets og gras som vanlig og i dag tidlig låg ho daud i stekken. Elleve år er ikkje lenge for oss. For en sau å bli elleve år derimot er en høg alder. Mina var en snill og god sau på alle måter. Og i sommar har ho fått mykje ekstra pleie og stell då ho var blitt litt surrete på sine gamle dager. Ho fungerte fint berre av og til gikk ho i et hjørne en plass og då klarte ho ikkje å forstå at ho måtte rygge ut att. Så vi hadde mange tilsynsrunder om dagen og såg etter ho. For to veker siden når det vart kaldt regn sette vi ho i fjøsen og sia har ho vert i fjøsen i lag med ei venninne som hadde fått en luftveisinfeksjon og fikk behandling. Venninna virker no frisk og glad så når Mina no døydde slapp vi ho på beite att. Ho hadde av og til litt problem med å røyse seg om morgonen om ho hadde lege forkjært på foten. Ett lite puff og ho var i full fart og sprang etter pellets boksen igjen. Så eg vil seie at ho har hat en ok alderdom. Ho kom til verden og forlot verden i samme fjøsen. Dessverre har vi ingen etterkommer etter ho på garden. Genane hennar lever derimot videre på Redal Gard.

R. I. P. Mina. ❤️

8. aug, 2020

08.August.2020.

Det pøsregner. 

Skikkelig surt og vått vestlands ver. Mesteparten av sauene har fått deilig håbeite ved sjøen og er mildt sagt proppa med mat. En liten gjeng på seks sauer driv med kantslått rundt husa. Og ei gruppe på godt over tjue sauer er omsider ferne til fjells.

No går det i hovedsak i ugrasfjerning på beita. Høymole og tistel og lyssiv. Høymolebilla et blad til den store gullmedalje. Tistlane er kjærkommen nektar til mange insekt, så en må ta litt hensyn i lukinga.

Jobber ellers med å prøve å få solgt/omplassert rundt seksti sauer. Målet om hundre er fortsatt viktig for å få en passelig flokk. Ryggen min er fortsatt langt fra bra. Og om ryggen klikker fulstendig igjen så er hundre og seksti sauer litt mykje. Men men er så glad i kvar og ein av dei, at dei hvertfall må få det godt om dei fer herfra. 

22. jul, 2020

22. Juli. 2020.

Etter god veret i juni kom nokre veker med regn og surt og kaldt ver. Sauene er i grunnen godt nøgde. Vi mennesker hutrer og frys litt. 

Bonden og sambuaren og minibonden var av garden i fire dager i samband med bursdagsfeiring av søskenbarnet til sambuaren og mannen. Avløyseren hadde som vanlig passa godt på dyra og alle var i godt humør då vi kom att og friske og raske.

Mina er fortsatt oppegåande og i full fart. Vi sjekker  ho fleire gangar for dagen for ho har en egen evne til å havne i uforklarlig trøbbel.

Ellers går det mykje i høymole pussing på bøar og beite. Det er litt utfordrende med å drive økologisk og prøve å få litt mindre høymole. 

1. jul, 2020

01.Juli. 2020.

Foxy er sånn ei tøff grand old lady med sinne tretten år. Litt stiv og støl ellers i tipp topp form og alltid i godt humør. Dei fire eldste sauene og Lisa og Mimmi som kom med heilårsull frå fjellet fikk sommerklippen sin no i finveret. Dei eldste sauene turte vi ikkje å klippe i vår for at dei ikkje skulle fryse unødvendig og bruke energi på det. Foxy såg brått mykje yngre ut med kort fin ull. 🙂 

Ellers har vi fått i hus masse deilig tørrhøy. Og litt rundballer har det også blitt. Sammen med sauene held vi på med et beite prosjekt for å eliminere høymola frå bøane. Det krev intensiv beiting og suppleringsslått. Men men om vi kan få vekk høymola på en økologisk forsvarlig måte er det absolutt verdt det. 🙂