14. nov, 2019

14.November 2019.

Fortsatt fulstendig ute av drift og sjukmeldt. Klarer heldigvis å gå litt rundt omkring etterkvart. Så får peika og forklart kva sauer som skal klippes og settes i fjøsen. På denne tid av året er det viktig å sortere og gruppere sauene i forhold til alder og hold så dei får en finest mulig vinter. Værane og værlamma må holdes adskilt fra søyer og søyelamm. Neste år skal vi ikkje ha noke lamm fra sauene våre. Det blir både godt og rart. Heldigvis har far min seks hobby sauer. Så vi får nok dekka behovet for lammekos med å kose med lamma far min får av sauene sine. ❤❤

Pensjonistene våre trenger litt ekstra med stell om vinteren så dei har en egen binge der dei har konstant tilgang på grovfor. Og så får dei litt pellets i tillegg. Værlamma fra i år har og egen binge i fjøsen og får så mykje grovfor som dei klarer å ete. Dei voksne værane får lov å gå ute på beite enno så lenge været er så fint. Dei hater å stå inne. Så det er fantastisk med sol og tørrver så dei kan korte vintermånadene litt. Assistentene driver og å bygger om fjøsen sånn at det blir meir lettvint foring i den eine værbingen. Litt modernisering må vi tåle. 😉 

Søyelamma og nokre av søyene deira har en binge der dei og har fri tilgang på grovfor. Dei voksne sauene går på utegang. Dei har tilgang på mange forskjellige gardflorer, fjøsromm, og kjelleren på huset mitt til å gå i ly om det trengs. Det er skjelden dei går under tak. Unntaket er kaldt regn og sludd. Driv å tar inn små grupper på ti tjue for klipping. Og no har assistentane nok klipt over halve flokken. Mesteparten av sauene kjem no til den daglige foringa med rundballe. Dei et til dei er mette. Så trekker dei bort i skogen og finn seg litt grønt å ete på. Mykje lauv finn dei enno og. Rundt tjue sauer held seg framleis og i skogen på heiltid. Dei finn så mykje der at rundballeforet ikkje frister enno. Assistentane hanker fat i nokre her og nokre der om dagane. Så vi i det minste får klipt dei. Når vanen er etablert med rundballeforinga følger dei og gjengen i sitt daglige trekk rundt garden. 

Når vi klipper sauene bruker vi noke som heiter klippekrakk. Det er en smart oppfinnelse som gjer klippinga hyggeligere for både bonde og sau. Klippekrakken består av ei plattform som en kan senke ned og løfte opp og to stolper som ein set fast sauen etter hovudet i. En leier sauen på og set den fast og så løfter en sauen ca en halv meter over bakken i passelig arbeidshøgde for den som skal klippe. Første gangen kan lamma vere litt redde for lyden av saksa osv. Så da er det viktig å ha god tid og kose og prate med dei så dei blir trygge. Dei eldste sauene ser på det som nærast ein spatime. Dei står heilt stille og logrer med halen og virkelig nyter å få av ulla. Etterpå går dei og klør seg alle plasser der dei ikkje har komt til på grunn av ulla. En ser virkelig at dei nyter å få bli klipt. Og ulla som blir klipt av er eit fantastisk miljøvennlig og dyrevennlig produkt som vi kan lage klær av. Denne symbiosen mellom sau og menneske er heilt fantastisk. Og når vi elliminerer kjøttproduksjon er det virkelig et samarbeid på likefot. Vi gir sauen stell og mat. Og sauen gir oss ull den ikkje treng. For å seie det sånn er det lett å rekne ut kven som ofrer mest i den kabalen. Og det er definitivt ikkje sauen. 🙂

Eg føler at det å leve saman med sauene og ha dei som utvida familie er ein rikdom på det følelsesmessige planet som ikkje kan målast i penger. Berre det å få ha desse fantastiske dyra rundt seg er heilt fantastisk. 

31. okt, 2019

31.Oktober.

Omsider klarer eg med krykker å gå en runde til fjøsen og tilbake. Så godt å få hilse på nokre av dyra igjen. 🙂 Avløysarane er kjempeflinke og har satt mesteparten av simpelamma i fjøsen samt litt pensjonister og gjerdesmetter. I tillegg driv dei og klipper for fult. Været er litt kaldere så dei voksne sauene får litt rundballe i tillegg til det dei finn ute. Framleis går omlag halvparten av dei voksne sauene i skogen i beitet. Dei kjem nok for å få mat etterkvart dei og. Så lenge det ikkje er snø og frost foretrekker dei å ete gras og lauv. 🙂

Rundt ti værer har fått flytta og får bli avlsværer i andre flokker. Ti sauer er tinga og får flytte til en an bonde. Å nå målet om å redusere til hundre sauer i år virker umulig. Så går for 150 og så får vi berre la vere å pare til vi er komt i hundre stk. Har ikkje hjerte til å slakte noken av dei 150 som blir att. 15 til 20 stk er plukka ut til slakt. Må sende dei for å få plass til alle til vinteren. Nokre er gamle og ville ikkje få en god vinter. Nokre er berre uheldige og havna i denne kategorien for å kunne gi plass til dei yngre. Nokre er ekstremt sky og med ryggen min er det ikkje noke særlig å ha sauer som er vanskelige å handtere. Så får vi berre håpe og håpe at ryggen no holder til å klare å fungere nokelunde frå neste år av. Er meir eller mindre sjukmelt til overgangen til 2020.

Positivt med å vere sjukmeldt er at eg får strikke og hekle litt med garnet vi selger. Har hekla hue til mannen. Og holder på å hekle skjørt til meg sjølv og strikke sjal til meg sjølv. Går ikkje fort men men. 🙂

Og så er det positivt å få tid å oppdatere litt her. Trenger all støtte på spleis og garnkjøp og saueadopsjon vi kan få. 🙂

9. okt, 2019

09.10.2019.

Fortsatt heilt ute av drift pga prolaps i ryggen. Ligger i senga og strekker ryggen og samler energi til å komme meg ut å hilse på sauene. Familien er kjempe flinke til å hjelpe og det hadde vert vanskelig å komme gjennom desse dagane uten dei. Heldigvis er det mest tilsyn hos dyra på denne tid av året. Så berre tre kyr med kalver og seksten værlamm å fore og stelle inne. Og så ei ponni hoppe som må inn om natta for å begrense beite tida. Føles heilt forferdelig å ikkje kunne gjere noke nyttig. Og gleder meg noke ekstremt til å kunne jobbe litt igjen. Som bonde har du null sikkerhet hverken økonomisk eller med avløyser så du må helst fungere minimum femti prosent heile tida. Når du fungerer ti prosent er det litt håpløst mildt sagt.

Men men nytter ikkje å sutre. Gleder meg til å få kose litt med sauene igjen. Dei setter stor pris på å gå besøk etter nokre dager vekke. Herlige vesen. ❤️❤️

4. okt, 2019

04.10.2019.

Ligger i senga pga prolaps i ryggen så da tenker eg vi nytter tida til å oppdatere websida litt. Lager denne bloggen så dere kan følge litt med på ka som skjer.